Vi syng jula inn i Hjelmeland kyrkje
Vi syng jula inn i Hjelmeland kyrkje

Vi syng jula inn i Hjelmeland kyrkje

Søndag 15.12 kl 19.00 er du velkommmen til "Vi syng jula inn" i Hjelmeland kyrkje

Å  samlast for å ‘synge jula inn’ i Hjelmeland kyrkje, er ein fin og årelang tradisjon. I år skjer dette altså på tredje søndag i advent, og kvelden vil innehalde ei god blanding av allsang, korsang, solosang og musikk. Både Rygjaljom,  Hjelmeland kyrkjekor  og eit prosjektkor for barn er  blant dei medverkande. Blant musikarane finn vi Gunnhild Øygard Dale (blokkfløyte), Kristin Sandvik (trombone), Rita Sørensen (sang) og StåleTveit  Strømsvold (gitar)

Kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid.

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

 


Del denne artikkel på e-post