Julekonsert i Årdal kyrkje
Julekonsert i Årdal kyrkje

Julekonsert i Årdal kyrkje

Søndag 22.12 kl 18.00 blir det julekonsert i Årdal kyrkje ved Thomas Tvedt og Åshild Solberg

Har du ikkje fått den gode julestemninga før, kan du i alle fall få det den 22. desember  i Årdal!

Thomas Tvedt, frå Randaberg, er 28 år og utdanna songar. No studerer han i Oslo med sikte på master i musikkterapi. I samband med dette studiet, har han m a hatt praksis blant dei innsatte på Ila fengsel. Tidlegare har han mellom anna  vore solist på Frelsesarmeens julekonsert i Stavanger, han har ‘varma opp’ for Vamp, og han har kora Andrea Bochelli i Royal Albert Hall, for å nemne noko.
Thomas har ei stor og varm stemme, som han veit å bruke til beste for tilhøyrarane.  Med seg på piano, har han Åshild Solberg frå Stavanger.
Saman vil desse to heilt sikkert gje oss ei uforgløymeleg stund i kyrkja, der vi kan senke skuldrene og berre nyte juletonane.
Vel møtt!

Billettar: kr 200,- Barn under 16 år går gratis

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval


Del denne artikkel på e-post