Musikk og lyrikk i Hjelmeland kyrkje
Musikk og lyrikk i Hjelmeland kyrkje

Musikk og lyrikk i Hjelmeland kyrkje

Tysdag 26. november kl 19.00 blir det Musikk og lyrikk i Hjelmeland kyrkje
ved Kolbein Haga, orgel og Odveig Klyve, eigne, nyskrevne dikt.

Odveig Klyve er forfattar, gjendiktar og filmskapar. Det er i år 25 år sidan ho debuterte. Ho har publisert over 20 bøker, både for born og vaksne, og er gjendikta til mange språk, m.a. arabisk, engelsk, fransk, spansk, persisk, kinesisk, russisk og hindi. Ved framføringar av dikta sine har ho samarbeidd med mange ulike musikarar. Kortfilmane hennar er inviterte til festivaler i Europa, USA og India.

Kolbein Haga er organist, kantor og fyrsteamanuensis i orgel og kyrkjemusikkfag.
Han gav solistdebuten sin i København og Oslo hausten 1976.
Som utøvar har han profilert seg som tolkar av eldre musikk med vekt på nordtysk orgelbarokk og Bach, samt av nordiske komponistar frå våre århundre.
Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland.

Saman vil desse to ta oss med på ei reise under overskrifta : «Kva er eit menneske?»
Utøvarane lovar ein spennande dialog mellom Bach sin 250 år gamle musikk og Odveig Klyve sine eigne, nyskrivne dikt.

Billettar kr 150,- Barn går gratis

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval




 


Del denne artikkel på e-post