Salmekveld i Fister kyrkje
Salmekveld i Fister kyrkje

Salmekveld i Fister kyrkje

Søndag 20. oktober kl 19.30 blir det salmekveld i Fister kyrkje, under overskrifta: Vi syng "Guds Skaparverk"

Hjelmeland kyrkjekor vil leie oss gjennom den bolken i vår salmebok som heiter «Guds skaparverk». Denne delen inneheld 18 salmenummer, og vi vil gå igjennom så å seie alle i løpet av kvelden.
Nokre vil bli presenterte som korsong, andre som solosong eller gjennom orgelmusikk og dikt, men mange av salmane skal vi synge i lag!
Hjelmeland kyrkjekor v/dirigent Anne-Berit Rinde Bjelland har regien, og Rita Sørensen blir med som solist.
Har du ei salmebok heime, er det berre å bla opp og førebu seg.
Salmane står i Norsk Salmebok 2013 f o m nr 289 t o m nr 306. Kanskje noko av dette ser heilt ukjent ut? Eller kanskje spanande? Eller berre velkjent? Ganske sikkert blir det nokre perler å finne undervegs.
Uansett så er målet å få ei fin stund i fellesskap med Gud og kvarandre, og å kunne gå heim å vite at vi har sett og lært litt meir.

Kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid!

arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Velkomne!


Del denne artikkel på e-post