Babysang i Hjelmeland kyrkje
Babysang i Hjelmeland kyrkje

Babysang i Hjelmeland kyrkje

Torsdag 29.august kl 11.00 startar vi eit nytt semester med babysang i Hjelmeland kyrkje!

Som kanskje mange veit, har kyrkjelydane i Hjelmeland hatt tilbod om babysang i fleire år no. Mange har sett pris på dette tilbodet, og vi er no klare for ein ny haust med babysang i kyrkja! :)
Babysang betyr barnesongar, rim, regler, rørsle, rytmeinstrument, ballongar og meir til. Ramma er kyrkjerommet og om lag halvparten av songane er relaterte til den kristne trua, mens dei andre er av det meir almenne slaget. Dette gir ei god blanding som vi vonar alle kan kjenne seg heime i. Det sosiale er og særs viktig. På babysangen kan du kome som du er med babyen din, sjøl om formen kanskje ikkje er på topp. - Eller du kan velje det vekk, viss det kjennest rett.
Tilbodet er gratis og ønskjer å vere eit lavterskeltilbod inn til kyrkja, der foreldre(evt besteforeldre eller andre som følgjer barnet) og babyar kan møtast på ein enkel og god måte. Tiltaket er og ein del av den lokale trusopplæringsplanen vår. Gjennom babysangen ønskjer vi å gi ein naturleg og god inngang til kyrkja og den kristne trua.

Aldersgrense for babyane: 0- ca 1 år.

Ta gjerne med nistepakke, så kokar vi kaffi og te slik at dei som har tid og lyst , kan stoppe igjen til lunsj frå ca kl 12.

Babysongen vert leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland. Diakoniarbeidar Torill Marie Seljeskog deltek og.

Hjarteleg velkomne! :)


Del denne artikkel på e-post