Kyrkjejubileum i Årdal -Bli med på feiringa!

Kyrkjejubileum i Årdal -Bli med på feiringa!

I Årdal er det to kyrkjer med ein svært særprega historie. 2019 er eit merkeår i bygda vår. Årdal gamle kyrkje er 400 år – og Årdal «nye» kyrkje er 100 år. Det er nokså unikt at to kyrkjer i same bygd kan feira 100 - og 400 - års jubileum same året. Dette skal sjølvsagt markerast, og me  har lagt opp til eit variert jubileumsprogram frå og med 17. mai til og med 26. mai 

PROGRAM:
Fredag 17. mai kl. 11: Gudsteneste i Årdal kyrkje. Deretter tog med innslag frå «gamle dagar».
Søndag 19. mai. kl. 13: Friluftsgudsteneste ved Sanitas. Kl. 12.45 har «Brødrene af Sand» lagt til kai i Årdal med gjester frå Amerika. Etter gudstenesta: Glimt frå utvandrarhistoria v/ Anne Elisebeth Skogen. Sal av grillmat og aktivitetar for born. Ta med stol/sitjeunderlag. Dersom dårleg ver, vert gudstenesta i kyrkja.

Tysdag 21. mai kl. 19: Kulturkveld på Høiland gard. Utstilling av bilete frå Årdal,
tekstar, gjenstandar. Gjesteutstillar: Brit Valheim. (Utstillinga vil vera open også onsdag–laurdag) Informasjon om jubileumsbok. Musikalsk innslag.

Onsdag 22. mai kl. 19: Årdal gamle kyrkje: Konsert med Aasmund Norstoga og Åsmund Reistad. Billettar kr. 325 på ticketmaster.no og i døra.
Fredag 24. mai kl. 17: Konsert for heile familien på Årdal skule med Jarle Waldemar. Billettar kan kjøpast på GEA, eller i døra før konserten. Barn kr 50, vaksne kr 100, familiar kr 200.

Laurdag 25. mai kl. 10–14: Misjonstivoli i Årdalstunet i samband med «Treffpunkt Årdal». Fine gevinstar frå Madagaskar.

Søndag 26. mai kl. 11: Jubileumsgudsteneste i Årdal kyrkje med biskop Anne Lise Ådnøy, kor og solistar.
Etter gudstenesta: Festmiddag på Høiland gard. Påmelding til middagen innan 19. mai til tlf. 404 39 240 eller post@hjelmeland.kyrkja.no

 

 

 


Del denne artikkel på e-post