Er du ein glad givar?
Er du ein glad givar?

Er du ein glad givar?

Vil du bidra til at barn og unge får opplæring i den kristne trua? Meld deg som fast givar!

Stortinget vedtok for ca. 15 år sidan at Den norske kyrkja skulle ha hovudansvaret for opplæring i den kristne trua. Det skulle ikkje lenger vera eit ansvar som grunnskulen hadde. Etter kvart har alle sokn fått statlege midlar til dette arbeidet, men det er ikkje nok. Kommunane bidreg også, men det er heller ikkje nok, spesielt i små kommunar.

I Hjelmeland har me nå trusopplærar i 70 % stilling. Tidlegare har det vore 100% stilling. For å kunna oppretthalda denne stillinga, inviterer me nå til fast givarteneste. For 2018 har me budsjettert med 100 000 kroner til dette, og me er på god veg (omtrent halvvegs) til å nå dette målet. Men dette er berre første skritt. Frå 2019 og utover er det nok behov for meir, i alle fall dersom me har ambisjonar om å utvida denne stillinga.

Trusopplæring av barn og unge er det viktigaste me driv med i kyrkja. Me kan engasjera oss i dette på ulike måtar, gjerne som frivillige medarbeidarar, men også ved å gje pengar til arbeidet. Som kristne har me eit ansvar for vår lokale kyrkjelyd, og det å gje av vår overflod, vil få store betydning for dette arbeidet. Samstundes er det til velsigning for oss: "Gud elskar ein glad givar!" "Gje, så skal de få!"

Givartenesta fungerer slik at du leverer inn eit skjema som du finn nedanfor (klikk på lenka), eller i kyrkja. Dette fyller du ut og leverer på kyrkjekontoret eller til ein av dei tilsette. Me ønskjer helst eit fast beløp pr. månad som du kan leggja inn i nettbanken eller avtala med banken, men du kan og gje sjeldnare kvartalsvis, halvårleg eller årleg - eller som eit eingongsbeløp. For slike gåver er det skattefritak, noko som betyr at du får 23% tilbake av det du gir - opp til grensa på 40 000 kr pr. år pr. person for alle formåla du gir til. Les meir på informasjonsarket som du finn på lenka nedanfor.

Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du treng meir informasjon! Takk for at du vil vera med!

Informasjonsark       Påmeldingsskjema


Del denne artikkel på e-post