Krukkesong

Krukkesong

Torsdag 19.oktober kl.19.30 blir det 'Krukkesong' i Hjelmeland kyrkje.

'Krukkesong' er eit spesielt konsert-konsept, utvikla av keramikar Karoline Emmerhoff frå Haugesund. Til konserten i Hjelmeland kyrkje har ho med seg åtte store, sjølvlaga keramiske krukker. Kvar av desse er utgangspunktet for eit tema. Fokuset vil først og fremst vere på krukkene sitt indre rom , for gjennom det å kunne finne eit anna indre rom, og songen og musikken som måtte vere der.
Konserten vil bestå av krukkene, tekstar/forteljingar, musikk og allsang.
Kantor Anne-Berit Rinde Bjelland vil deta på orgel og piano, medan Astrid Bjelland blir med på tverrfløyte.
Vel møtt til ei særprega og fin kulturoppleving i kyrkja!

Billettar: kr 200,- Barn under 16 år går gratis

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval


Del denne artikkel på e-post