Barnekor i Årdal!

Barnekor i Årdal!

Torsdag 9.november kl.15.00-16.00 startar vi opp med nytt prosjekt for Årdal barnekor!

Koret er retta mot barn i alderen 1.-4.klasse,og har tatt mål av seg til å gjennomføre to prosjekt i løpet av hausten 2017.
Det første prosjektet besto av korøvingar fire torsdagar i september (7.,14, 21. og 28.) + opptreden på Hausttakkefesten i Årdal kyrkje, som dette året var søndag 1.oktober kl.11.00..
11 barn deltok i koret ved gudstenesta, og barna bidrog med både inngangsprosesjon, dramainnslag, tekstlesing, forsongarteneste og korsong!!
Alt i alt ein fest-dag for dei (minst 100) som var til stades!

Det andre kor-prosjektet startar opp med øving i Årdal kyrkje torsdag 9. november (kl.15.00-16.00 ) og øvingar dei neste tre torsdagane i november (16., 23. og 30.nov) + opptreden på Lys Vaken-gudstenesta i Årdal kyrkje den 3.desember kl.11.00
Koret vil framleis bli leia av kantor (Anne-Berit Rinde Bjelland) og trusopplærar (Ine Linn Marthinsen), og vi håpar at mange har lyst til å delta denne gongen og!

Interesserte kan ta kontakt med Ine Linn (tlf 901 93 170 ) for påmelding, eller med Anne-Berit (tlf 99248683)for meir info.

NB: Vi hentar born på SFO, om ønskjeleg, og etter øvingane kan foreldre hente barna sine i kyrkja fram til kl.16.15


Del denne artikkel på e-post