Vedtekter for gravplassane

Vedtekter for gravplassane

Dei lokale vedtektene for gravplassane er nå reviderte og godkjende av Stavanger biskop.

 

 

I Hjelmeland har me 8 gravplassar som er i bruk og 1 freda gravplass (Årdal gamle kyrkjegard). Gravferdslova brukar ordet gravplass, men me brukar kyrkjegard om dei gravplassane som ligg til kyrkjene, og gravplass om dei andre. Me har følgjande gravplassar:

  • Hjelmeland kyrkjegard
  • Årdal kyrkjegard
  • Årdal gamle kyrkjegard (freda, ikkje i bruk)
  • Fister kyrkjegard
  • Jøsenfjorden gravplass
  • Jøsneset gravplass
  • Vormedalen gravplass
  • Øye gravplass
  • Sandanger gravplass

Gravplassdrifta er regulert gjennom gravferdslova av 1996 (siste revisjon 2015), forskrift til gravferdslova frå 1997 (siste revisjon 2014), og dei lokale vedtektene (revidert 2017).

 


Del denne artikkel på e-post