Babysang i Hjelmeland kyrkje

Babysang i Hjelmeland kyrkje

Torsdag 7. september startar vi opp att med babysang i Hjelmeland kyrkje!

Babyar (0- ca 1 år) med følgje er hjarteleg velkomne til ei uformell samling i kyrkja. Her legg vi vekt på å synge enkle barnesongar og -salmar og tar i bruk rim, regler, rørsle og rytmeinstrument.
Samlingane blir leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland og trusopplærar Ine Linn Marthinsen.
Det er ikkje påmelding, og det kostar heller ikkje noko å ta del, berre møt fram! :)
Sjølve opplegget varer ca 35-40 minutt. Etterpå er det rom for (fortsatt) sosialt samver og evt medbrakt niste. Vi kokar kaffi og te på huset!
Det blir samling omlag kvar torsdag, og vi håpar at mange vil finne vegen.
Her kan du kome, om det så er med ein sovande baby, eller med ei uroleg natt bak deg. Som regel gir det ein styrke å kome i lag, sjølv om ikkje alt er der du ønskjer det skal vere. Songen og musikken gir glede og felleskap, og saman kan ein dele erfaringar og utfordringar.
Vel møtt til små og store! :)

Torsdag 12. oktober vert det IKKJE babysang (pga haustferie)


Del denne artikkel på e-post